Search
User login
Linux1
[LØST] - Ubuntu Server 10.04 init: ureadahead-other main process (755) terminated with status 4
Heisann! Min første post dette. Kjem til å prøve å bidra med litt svar av og til, men tillet meg å spørre om hjelp litt først. :)
Eg har nettopp sett opp ein server med raid5 over 4 diskar som skal brukast til filserver i ei bedrift.
Har vore ein kamp frå ende til annan. Trudde det kom til å bli ganske plankekøyring.. men nei.. Har pjaska med linux no sidan 2003-4 og jobbar som administrator på ein skule. Lite linux der enno, men kjem til å gå meir og meir over på linux etter kvart er planen. (er kraftig(!!) lei Microsoft lisens mas og fjas og deira store uvilje mot å støtte format som ikkje er laga av MS..)
Serveren er installert med 10.04 server edition utan X
Det siste eg gjorde før serveren ikkje ville boote var:
fdisk = Partisjonerte ein lik partisjonar på kvar disk som skal vere med. "fd" Raid partisjon
mdadm -C /dev/md0 -l5 -n4 /dev/sd[bcde]1
mkfs.ext4 /dev/md0
echo "/dev/md0 /mount/share/ ext4 defaults 0 1" >> /etc/fstab
aptitude install sysmontools
Etter eg restarta prøvar ubuntu å starte i tty7 istaden for tty1, og ein ubuntulogo nesten ala den i den grafiske oppstarten kjem.. berre at denne er i ascii.
Trykker eg "esc" vekslar eg mellom å sjå ubuntu "oppstartslogoen" og ei melding:
fsck from util-linux-ng 2.17.2
/dev/sda1: clean, 49801/366480 files, 287888/1464576 blocks
fsck from util-linux-ng 2.17.2
/dev/md0 recovering journal
/dev/md0: clean 12/45776896 files, 3131732/183104967 blocks
init: ureadahead-other main process (755) terminated with status 4
[blinking cursor]
Så er det full stopp. Kan fortsatt switche mellom å sjå ubuntu oppstartslogo og denne feilmeldinga, men utan at det skjer noko meir. I tty[1-6] er der kun blank skjerm.
Dette skjer kvar gong eg prøvar å restarte.
Nokon som skjønar kva som har gått på ræva her og som har forslag til korleis angripe problemet? Eg greier ikkje heilt forstå kva eg har installert eller gjort som gjere at den prøvar å starte i tty7 med oppstartslogo og det heile i staden for tty1 slik som før..
Kjem til å prøve å boote med live cd og fjerne filene i /var/lib/ureadahead utan at eg har noko særleg tru på at det vil gjere saken betre... + fjerne alle modifikasjonar eg har gjort i fstab
Takksam for forslag og innspel :)
Serveren har vore oppe utan
Serveren har vore oppe utan problem no ei stund i ei bedrift. Etter å ha reinstallert ubuntu fleire gongar utan hell, endte det med at eg gjekk for Debian Lenny i staden. Med samme konfigurasjon som på ubuntu server, , og dette funka merkeleg nok heilt perfekt. Litt kjipt å ikkje ha forstått heilt kva som var gale, men men. Det funkar perfekt no i allefall :)
(Ei oppdatering til problemet eg hadde på ubuntu-serveren, er at sjølv om feilmelding og at serveren merkeleg nok vil starte i tty7 med "ascii gui", så var serveren oppe, alt var rett mounta og det var mogleg å logge på via ssh. Men på skjermen skjedde det særs lite.. ..merkeleg :p
Hmm kan det vere at eit program som følgjer med ubuntu-server, moglegens burde vere valfritt på ein serverinstallasjon?)
Prøv å fjerne linjen i
Prøv å fjerne linjen i /etc/fstab som monterer /dev/md0